Hopping i Tunåsen tysdag 6. februar
Bakkane er preparert og det vert hopping tysdag frå kl. 18
Har du ikkje prøvd hopping før? Då må du komme ut og prøve det supre anlegget vi har i Tunåsen.

Hoppbakkane høver for alle aldre; her er bakkar for dei aller minste (mellom heisen og varmestova - med og utan hopp), K8 (8-meters bakke), K12, K25 og K40.

Du kan nytte langrennski, slalomski eller du kan prøve hoppski som Bulken IL har til utlån i varmebua.

Ta gjerne med deg kveldsmaten og et denne i hoppbua - så du kan stupe rett i seng etter trening.

Spørsmål? Ring Hans Skeie 952 71 559

Vel møtt! Med helsing hoppgruppa.