Påmelding til renn og medlemskap i Bulken il
Har du meldt deg inn i Bulken il?
Alle som er med på aktivitetar i regi av Bulken il må vera medlemmer, då er du forsikra når du utøver aktiviteten. Det er felles medlemskap for både langrenn, hopp, idrettskule og fotball. Pr. no er det ikkje råd å betala medlemskap via min idrett, men det kjem etterkvart. Det som er viktig i fyrste omgang er at du og din familie vert registrert gjennom min idrett. Vedlagt ligg ei oppskrift til korleis du melder deg på langrenn via min idrett. Alle melder seg inn i Bulken il på same måten via "min idrett", framgangsmåten er lik.