Haustsesongen er i gang!
Frå neste veke er det full fart i Eideshagen med seriekampar. På fotballsida finn du oversikt over alle heimekampane med kioskvakt og dommar.
Grasmatta i Eideshagen er heilt topp etter godt stell i sommar. Vi gleder oss til å ta imot motstandarar på ekte gras. Hugs å variere treningsfelta for å unngå slitasje på dei same plassane. Dra måla ut av graset etter trening og kamp.

Ekstra kjekt er det å ynskje samarbeidslaget Ørnar/Bulken G12 velkomen i Eideshagen; dei skal spele heimekampane sine her i haust. Gutane skal ut i tre tøffe kampar mot Harding, Voss Raud og Viljar. Kampdag er torsdagar; same som også G10 spelar sine kampar.

Jenter 8, jenter 9, og gutar 8 spelar kampane sine på måndagar. Er du heldig kan du få med deg to kampar om du tek turen til Eideshagen rette måndagen.

7-åringane har samla kampane sine på "cup-dagar". For desse vert det full fart laurdag 8. sept i Eidfjord og på heimebane under Eideshagen cup 23. september.

På jentesida skal eldste laget vårt, J11, møte Harding, Voss Lilla, Bjørgum og Stanghelle/Stamnes. Desse har kampdag tysdagar.



Info om den årlege dugnaden kjem om ikkje lenge. Oppgåvene er som tidlegare slått av kantar samt anna vedlikehald kring banane.


Styret ynskjer alle ein god haustsesong!