Eideshagen cup sundag 23. september
Bulken IL ynsker alle spelarar frå 6-12 år velkomne til cup i Eideshagen.
Invitasjon i utskriftsvennleg versjon finn du HER
Lagkort i Word kan du laste ned HER

J6, G6, J7 og G7 spelar 3ar fotball. Kvart lag spelar 3-4 kampar. Me nyttar spelereglar for 3ar fotball. Speletida er 2x7 min utan pause.

Jenter og gutar 8-12 år spelar 5ar fotball. Kvart lag spelar 3 kampar, nokre få lag får 4 kampar. Me nyttar spelereglar for 5ar fotball. Speletida er 2x12,5 min med kort pause.

- Laget som står oppført først tek avspark i 1. omgang
- Bortelaget må bruka vestar ved draktkollisjon
- Påbode med leggskinn

På grunn av tett kampprogram ber me om at spelarane går straks av banen når kampen er slutt. Laga tingar tidspunkt for premieutdeling i sekretariatet.

- Påmeldingsfristen for laga er 10. september til fotball@bulkenil.no
- Deltakaravgift: 700,- per lag til 3480.16.02624; innan 10. september. Merk minitreff
- Lagkort sendast fotball@bulkenil.no innan torsdag 21. september eller leverast før første kamp

På grunn av avgrensa parkering ber me folk om å samkøyre og fylle opp bilane.

Spørsmål? Sjå heimesida www.bulkenil.no , send e-post til fotball@bulkenil.no eller kontakt Mari Aker 982 45 840

Mellom kampane kan spelarane utfolde seg i klatrejungelen. I tilknytning til denne er det òg ein zip-line og utandørs treningsapparat.

Uten mat og drikke - duger helten ikke! Det vert sal av grillmat, baguettar, salat, kaffi, is inne i klubbhuset, ved scenen og framfor leikeparken for dei minste.

Velkomen!

Beste helsing
Bulken IL Fotball