Invitasjon til Romjulscup 2018
Kampoppsettet vert sett opp sundag; vi kan ta i mot påmeldinger t.o.m laurdag kl. 23.59. Aldersbestemte jentelag og damer mosjon er spesielt velkomne!
Invitasjon
Påmeldingsskjema (Word)


Velkomen til Romjulscup 2018

Torsdag 27. desember - lørdag 29. desember inviterer Bulken igjen til romjulscup i Voss Idrettshall.

Romjulscup i innandørsfotball har følgjande klassar:
A/B Herrar - senior og juniorfotball
C Damer - senior og juniorfotball
D Herrar mosjon
E Damer mosjon
F Gutar fødd 2003/2004
G Jenter fødd 2003/2004
H Smågutar fødd 2005/2006
I Småjenter fødd 2005/2006
A/B- og C-klassen er for spelarar i divisjonsfotball i 2018.

(Sjå lenger nede i teksten for kva dagar dei ulike klassane spelar)

Etter innleiande kampar i A/B-klassen går 8 lag til A-sluttspel og 8 lag til B-sluttspel (med atterhald om nok påmld).

Bedriftsidrettslag, venegjengar og andre vert invitert til å melde seg på i klassane herrar og damer mosjon. Laga må sjølve ved påmelding markera kva klasse ein ynskjer å delta i. Arrangøren tek likevel atterhald om å kunna gjera endeleg rangering av laga.

I klassane F, G, H og I, ope Vossameisterskap i innandørsfotball, kan kvar klubb kan melde på så mange lag dei vil i kvar klasse.

Speleprogram
Med atterhald om påmelding, tek vi sikte på at kvart einskild lag skal få mist 3 kampar.

Vossameisterskapen (klassane F, G, H og I) vert avvikla 3 joledag. Mosjonsklassane og klasse C vert avvikla 4. joledag. Dersom stor påmelding i klasse C Damer blir det A og B sluttspel. Dersom stor påmelding i A/B-klassen vert det innleiande kampar 4. joladag. Speleprogrammet vert annonsert påwww.bulkenil.no i god tid før jol. Ver difor nøye med å halde fristen (10 des).

Påmeldingsavgift
Betalast til Bulken IL sin konto. Påmeldingsavgifta må vere betalt før første kamp.

A, B, C, D, E: kr 1500, - per lag
F, G, H, I: kr 1000, - per lag



Speletid
Klasse A, B, C, D og E: 1 x 18 min utan pause.
Klasse F, G, H, I: 1 x 13 min utan pause.

Spelarar pr. lag
Klassane A, B, C, D og E: Keeper + 4 utespelarar.
Klassane F. G, H, I: Keeper + 4 utespelarar
Det er lov å nytta så mange innbytarar ein vil i kvar kamp. Flygande innbyte.

Reglar
Dommarar vil bli sett opp av arrangør. Turneringa vil bli spelt i samsvar med Norges Fotballforbunds reglar for innandørsfotball. Det blir nedsett ein jury samansett av turneringsleiar + 2 frå andre lag.

Puljer
Laga vil i størst mogeleg utstrekning verta fordelt på puljer à 4 lag som spelar enkel serie. Dei to beste laga vil gå til sluttspelet som vil verta spela som cup.

Utstyr
Arrangøren held ballar. Når det gjeld drakter ber vi om at kvart lag syter for å ta med to draktsett i ulike fargar. NB! Berre joggesko med lys såle kan nyttast i hallen. Spelarar med vanlege fotballsko eller sko med mørk såle vil såleis ikkje få høve til å spela. Spelarar utan leggskinn får ikkje spela.

Premiering
Premiering til vinnar av kvar klasse. Beste keeper, beste spelar og toppscorar i klassane A, B og C. Beste spelar og toppscorar i klassane D, E, F, G, H og I.

Påmelding
Påmelding innan 10.desember. Lag som ikkje har betalt får ikkje spela. Opplysningar om turneringa, påmelding etc. får du av turneringsleiar Frode Tufte på 91118110


Velkomen til Romjulscup!

Med helsing Bulken IL - Fotball