Invitasjon kretsrenn i hopp og kombinert sundag 24. februar
Sundag 24. februar kl. 12.00 inviterer Bulken IL til kretsrenn i hopp og kombinert i Tunåsen. Alle hopp- og kombinertløparar er hjarteleg velkomne.
Hopprennet vert avvikla med ein prøveomgang og to teljande omgangar.

Etter hopprennet vert det kombinert sprint rundt i anlegget.

Det vert hoppa i fyljande bakkar k69, k40, k25, k8 og k2.

Påmeldingsfrist: fredag 22. februar kl. 21.00. Det vert også påmelding i bakken fram til kl 11.40 renndagen.

Påmelding til Hans Skeie via: https://sa.nif.no/Events/Index/About?eventId=327769 og evt.post@dyrvedalen.no

Påmelding må innehalda namn, klubb, bakkestorleik, klasse og evt. kombinert. Startkontigent vert skiforbundet sine satsar:
16 år og yngre kr 100, - junior kr 115, - og senior kr 130, -

Startkontigenten betalast til kontonr. 3480 16 10791

Hugs lisens. Må kunna leggast fram gjennom stikkprøvekontroll. Gjeld utøvarar frå klasse 13 år. Eingongslisens kan kjøpast for kr 60, - for klasse 13 år ? 25 år, kr 150, - for klasse 26 år og eldre.

Sjå oppdatert info: bulkenil.no
Helsing Bulken il.