Årsmøte 18.3. 2020
Velkomen til årsmøte i Eideshagen 19.30
Styret inviterer til årsmøte i idr.laget onsdag 18. mars kl 19.30 i Eideshagen. Vanlege årsmøtesaker. Innspel til saker må vere styret i hende innan 10. mars. Innspel skal helst vere skriftlege, men det går og an å ta kontakt direkte med ein i styret.
Eit årsmøte er ein viktig arena i ein medlemsorganisasjon som eit idrettslag er. Her melder styret om korleis året har vore, og rekneskap vert lagt fram. Styret føreslår eit budsjett for det komande året. Ei valnemnd kjem med ei innstilling til nytt styre og gruppestyra. Alt dette er det årsmøtet som endeleg godkjenner og vel.
Styret voner at mange medlemer finn vegen til Eideshagen denne kvelden, og tek del i debatten i møtet. Å stilla på årsmøtet er ein god måte å syne at ein bryr seg om idrettslaget sitt.

Styret ynskjer alle medlemer velkomne på årsmøtet!