Organisert aktivitet avlyst
Alle idrettsarrangment i Bulken IL vert avlyst. Årsmøtet vert utsatt på ubestemt tid. Årsaka er helsemyndighetene sine føringer for å hindre spreiing av koronavirus.
Norgesidrettsforbund har sendt ut pressemelding om at all idrett, trening og konkurranser vert avlyst. Dette gjeld sjølvsagt òg karusellrenn (og vintertur for Dyktig 4H) i helga.

Når det gjeld årsmøtet kjem vi attende med ny dato. Som følgje av utviklinga av situasjonen knytta til koronaviruset har NIF gitt alle idrettslag dispensasjon frå fristen om gjennomføring av årsmøte innan 31. mars. Ny frist for gjennomføring av årsmøte er 15. juni.