Fleirbruksanlegget i Eideshagen

Sommaranlegget til Bulken IL, Eideshagen, er eit lågterskel turmål og ein moderne treningsarena. Her kan du reise for organisert og uorganisert trening, leik, læring og andre samkome. Eideshagen er ope for alle!

 

Eideshagen ligg mellom Bulken og Evanger. Avkøyring frå E16 er enten ved Seimsvatnet eller ved Geitle. Det er fint å sykle frå frå Bulken eller Vangen då du kan nytte gamlevegen mellom Bulken og Evanger. 

Eideshagen består av 11-ar grasmatte, grusbane (delvis utleigd til Voss paintball), klubbhus, naturklatrejungel, naturhelsestudio og motorikkpark.  

Bulken spelar heimekampane sine i Eideshagen. Kvart år i slutten av september inviterer Bulken IL til Eideshagen cup og ca 600 spelarar frå 100 lag møtast til fotballfest. I 2019 var det 30-års jubileum for cupen og av lokale cupar er det berre Eidfjord cup som er eldre. Hausten 2020 vart den avlyst pga Covid-19, men vi satsar på ein skikkelig fotballfest i 2021!

 

Eideshagen cup komprimert