Fotballgruppa i Bulken IL

Barne- og ungdomsfotball

Informasjon om fotballsesongen 2021 (pdf)
Oversikt over heimakampar, dommar og kioskvakt: Haustsesongen 2021

Velkomen skriv til
1. klasse finn du her (pdf)
2. klasse finn du her (pdf)

Foreldrevett-informasjon finn du her (pdf) 

Oversikt over kven som sit i fotballstyret finn du her (pdf)

Alle som er med på aktivitet i regi Bulken IL må vere medlem i hovudlaget.Forsikringer følgjer medlemsskapet.

 

Velkomen til Romjulscup 2021!

Velkomen til den 31. Romjulscupen 27-29. desember 2021                                                                                                                                         

3, 4 og 5. joladag inviterer Bulken igjen til romjulscup i Voss Idrettshall. Me har i år arrangert cupen i 31 år !

 

Romjulscup i innandørsfotball har følgjande klassar:

A/B Herrar - senior og juniorfotball

C Damer - senior og juniorfotball

D Herrar mosjon

E Damer mosjon

F Gutar fødd 2006/2007

G Jenter fødd 2006/2007

H Smågutar fødd 2008/2009

I Småjenter fødd 2008/2009 

A/B- og C-klassen er for spelarar i divisjonsfotball i 2018. Etter innleiande kampar i A/B-klassen går 8 lag til A -sluttspel og 8 lag til B -sluttspel (med atterhald om nok påmld).

Bedriftsidrettslag, venegjengar og andre vert invitert til å melde seg på i klassane herrar og damer mosjon. Laga må sjølve ved påmelding markera kva klasse ein ynskjer å delta i. Arrangøren tek likevel atterhald om å kunna gjera endeleg rangering av laga.

I klassane F, G, H og I, ope Vossameisterskap i innandørsfotball, kan kvar klubb kan melde på så mange lag dei vil i kvar klasse.

Speleprogram og datoar for klassane
Med atterhald om påmelding, tek vi sikte på at kvart einskild lag skal få mist 3 kampar. 
Vossameisterskapen (klassane F, G, H og I) vert avvikla 3 joledag. Mosjonsklassane og klasse C vert avvikla 4. joledag. Dersom stor påmelding i klasse C Damer blir det A og B sluttspel. Dersom stor påmelding i A/B-klassen vert det innleiande kampar 4. joladag. Speleprogrammet vert annonsert på www.bulkenil.no i god tid før jol. Ver difor nøye med å halde fristen (8des). 

Påmeldingsavgift 
Betalast til Bulken IL sin konto. Påmeldingsavgifta må vere betalt før første kamp. 
A, B, C, D, E: kr 1800, - per lag 
F, G, H, I: kr 1200, - per lag

Speletid 
Klasse A, B, C, D og E: 1 x 18 min utan pause. 
Klasse F, G, H, I: 1 x 13 min utan pause. 
Spelarar pr. lag 
Klassane A, B, C, D og E: Keeper + 4 utespelarar. 
Klassane F. G, H, I: Keeper + 4 utespelarar 
Det er lov å nytta så mange innbytarar ein vil i kvar kamp. Flygande innbyte.

Reglar 
Dommarar vil bli sett opp av arrangør. Turneringa vil bli spelt i samsvar med Norges Fotballforbunds reglar for innandørsfotball. Det blir nedsett ein jury samansett av turneringsleiar + 2 frå andre lag.

Puljer 
Laga vil i størst mogeleg utstrekning verta fordelt på puljer à 4 lag som spelar enkel serie. Dei to beste laga vil gå til sluttspelet som vil verta spela som cup.

Utstyr 
Arrangøren held ballar. Når det gjeld drakter ber vi om at kvart lag syter for å ta med to draktsett i ulike fargar. NB! Berre joggesko med lys såle kan nyttast i hallen. Spelarar med vanlege fotballsko eller sko med mørk såle vil såleis ikkje få høve til å spela. Spelarar utan leggskinn får ikkje spela.

Premiering 
Premiering til vinnar av kvar klasse. Beste keeper, beste spelar og toppscorar i klassane A, B og C. Beste spelar og toppscorar i klassane D, E, F, G, H og I.

Påmelding 
Påmelding innan 8.desember. Lag som ikkje har betalt får ikkje spela. Opplysningar om turneringa, påmelding etc. får du av turneringsleiar Frode Tufte på 91118110

2021_Påmeldingskjema_ROMJULSCUP.docx

2021_Påmeldingskjema_ROMJULSCUP.pdf 

Velkomen til Romjulscup!

Med helsing Bulken IL - Fotball

Les meir

Dugnadsliste Eideshagen cup 2021

Vedlagt ligg årets dugnadsliste for Eideshagen cup 2021. Cupen gir viktige inntekter til klubben; takk for at du stiller! 

Cup19

Les meir

Eideshagen Cup 2021 - Kampoppsett og informasjon til laga

Vedlagt finn du kampoppsett for Eideshagen Cup 2021. NB! Endringar i 5ar fotball kohort 1 og 4. 

Kohort 1: 3-ar G7 Laurdag formiddag 18.september 

Kohort 1: 5-ar J10/G10 Laurdag formiddag 18.september - versjon 3 14/9-21

Kohort 2: 3-ar J7 Laurdag ettermiddag 18.september - versjon 2 15/9-21

Kohort 2: 5-ar J8/G8 Laurdag ettermiddag 18.september - versjon 2 14/9-21

Kohort 3: J9/G9 Sundag formiddag 19.september

Kohort 4: J/G 11-12 Sundag ettermiddag 19.september - versjon 4 18/9-21

 

Spørsmål/kommentarer til kampoppsettet kan sendast til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Info om Cupen 2021

Tilskodarar: Det vert ikkje høve til å ha med foreldre/besteforeldre som tilskodarar

Kohortar: Kohortane er fylt opp med spelarar/lagleiar /trenar (1 trenar, 1 lagleiar og ein sjåfør pr lag), det vert difor ikkje høve for foreldre å vera tilskodarar.  Det er viktig at de sender inn navn på desse til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. innan fredag kl. 21. 

Laurdag 18.09:    Kohort 1: 08.30- 12.45

                            Kohort 2: 13.30- slutt

Søndag: 19.09:   Kohort 1:08.30-13.15

                            Kohort 2: 14.00- slutt

Ankomst/Avreise: Alle skal nytta inngang ved klubbhus for registrering !

Registrering ved ankomst, kom lagvis! Når kampane er ferdig for dagen, må laga forlate cupområdet snarast (gjeld fyrste kohort). Viktig at andre kohort ikkje kjem før ein halv time før kampstart. Dette for å unngå blanding av kohortane.

Vegen vert einvegskøyrt, innkøyring frå Seimsvatnet og utkøyring ved Geitle.

Premie: Lagleiar hentar premie i sekretariatet og deler ut til laga sine sjølve.

Me følger smitteverntiltak i henhold til NFF sine reglar, hald deg oppdatert på desse.

Smittevern: Er du sjuk/i karantene eller har symptom på forkjølelse skal du halda deg heima.

Viktig å halde avstand til andre!

 

Kiosk: Betaling kun med Vipps og Bankkort

Prisliste Meny

Prisliste Is-meny

 

Bulken IL ynskjer alle lag velkomne til cup!

 

Les meir

Fotballgruppa - Administrasjon

Sportsplanen inneheld mellom anna

  • Overordna retningslinjer for Bulken IL Fotball
  • Rolle til trenar og lagleiar
  • Kva vert forventa av spelarar og foreldre

Les Sportsplan (pdf) for Bulken IL Fotball.

Les meir

Fleirbruksanlegget i Eideshagen

Sommaranlegget til Bulken IL, Eideshagen, er eit lågterskel turmål og ein moderne treningsarena. Her kan du reise for organisert og uorganisert trening, leik, læring og andre samkome. Eideshagen er ope for alle!

Les meir