Informasjon om idrettslaget

Bulken IL held til vest i Voss herad og er eit fleiridrettslag for skulekrinsane Bulken, Evanger og Bolstad. Me tilbyr aktivitet og trening for alle aldrar, men med mest fokus på born og unge. Dette er noko av det vi kan tilby:

  • fotballtrening for aldersbestemte lag i Eideshagen
  • langrennstrening og skileik på Dalane skianlegg
  • hopptrening i bakkane på Utkvitne
  • Idrettsskule kvar haust enten i gymsalen på skulane eller i nærområdet

I tillegg til dette har vi enkelte år joggekarusell, trening for vaksne eller andre aktivitetar.