Klubbhuset i Eideshagen

Klubbhuset vert leigd ut til arrangement og møte. Utleigedelen består av sal med storskjerm, kjøkken og toalett. Det er også garderobar i tilknytning til dette og dette kan leigast etter avtale.

Alt har universiell tilkomst. 

Utandørs er det stort plen framfor huset, grindbygg på 40 m2 samt to leikeområde; hhv. motorikkpark og naturklatrejungel. Ved utandørs arrangment kan ein etter førespurnad få tilgang til toalett. 

Prisar: 

  • Leige dag, helg: 2000,- / 1500,- (medlemspris)
  • Heil helg: 3000,- / 2000,-
  • Kveld vekedag (bursdag, møte): 1000,- / 500,- (medlemspris)
  • Møterom heil dag: 1000,- / 500,- (medlemspris)
  • For lengre tid: Ta kontakt for pristilbod

Ynskjer du å leige? Kontakt leiar Magne Skjeldal på Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller mobil 994 67 655. 

Intern bruk: Dersom du ynskjer å reservere huset for internt bruk i idrottslaget, skal også dette gjerast via e-post.

 

For konfirmasjon så kan du melde interesse og så vil huset verte fordelt rett etter at konfirmasjonsdatoane vert gjort kjend. Medlem vert prioritert framfor ikkje-medlem. Er det fleire som ynskjer huset same dato vert dette avgjort med loddtrekning.

Leigetakar vaskar etter bruk og tek med seg bos. Ved mindre arrangment eller etter avtale kan  bosspann utanfor nyttast. Den som leiger pliktar å gjere seg kjend med og rette seg etter reglement for Eideshagen. 

 

20210829 170733

20210829 115438