Langrennsgruppa i Bulken IL

Du finn Dalane Skianlegg på Nestås/Skjeldal, ca 15 km vest for Voss sentrum. Her er det i tillegg til skiløyper også eit skileikområde med kuleløype, hoppbakkar og gapahuk. Løypenettet består av ljosløypa på Nestås som er ca 3 km samt løypene på Skjeldal; til saman ca 12 km. Ta deg ein tur!

På Nestås ny veg heilt ned i langrennsløypa, og på Skjeldal er det parkering 50 meter etter du har køyrt av mot Hyljarås. Dersom det ikkje er trening står ikkje lyset på, men brytar til lysløypa finn du på stolpen på høgre side når du startar å køyra ned bakken frå parkeringsplassen. Lyset går automatisk av kl. 22.00

Treningane til Bulken IL langrenn foregår i løypenettet på Nestås. Her ligg òg skileikområdet. På treningane våre er ALLE velkomne, små, litt større, mosjonistar, aktive, ungdom, pensjonistar osv. Vi deler oss i grupper og trenar, leikar og kosar oss på ski i dei flotte løypene våre. 

Velkomen ut på ski!

 

GPS-koordinatar :

Nestås   :    60.621701,6.211918
                       +60° 37' 18.12", +6° 12' 42.90"

Skjeldal :    60.612518,6.189842
                       +60° 36' 45.06", +6° 11' 23.43"

 

 

Nadlane rundt sundag 26. septembert

Oppdatert med resultatliste Nadlane rundt 2021. Flott haustvèr, mange deltakarar og ny løyperekord! 

 

Vel møtt til barn- og mosjonsløp på Nadlane 26. september

  • Barneløp kl. 13.00
  • 2,5 km kl. 13.30
  • 4,5km kl. 13.30

I år køyre me fellesstart med maks 25 per pulje.

Påmelding eller meir info til Vegard 476 18 218 eller Silje 928 18 965

Les meir

Sesongen 2021

Det er ny flott veg ned til løypa frå parkeringsplassen, prøv den!

Brytar til lysløypa finn du på stolpen på høgre side når du startar å køyra ned bakken frå parkeringsplassen. Lyset går automatisk av kl. 22.00

Les meir